Siste dag på iReporter
Kurset nermar seg slutten og det er på tide å oppsummere. Det har vore travelt, med lange dagar og farting rundt på bedriftsbesøk. Lærerikt med mange inntrykk, men eg trur først utbyttet kjem når eg får fordøye alt som har blitt sagt.
Litt av målet har vore å prøve seg som iReporter. For min del har det blitt litt for lite av blogging. Skulle også ønske meg meir diskusjon i etterkant av kvart bedriftsbesøk. Eg har blitt flinkare til å bruke twitter, men å blogge synes eg er vanskeleg.
Kva skal eg blogge om? Kvifor skal eg ha ein blogg? Skal eg fortsette å ha ein blogg?
Det er vanskelig å vite kor mykje av seg sjølv ein skal gje, kva ein kan skrive og ikkje. Usikkerhet hemmar og eg brukar lengre tid enn nødvendig. Skal eg ha ein blogg, må eg gi litt meir blaffen og publisere sjølv om eg er usikker på om eg kan skrive det som står der. Eller som Darian Shirazi sa det så fint:
If you’re not embarrassed of your product, you’ve launched to late.
Stor applaus til Tord og Frank som har organisert og sett saman eit spennande kurs eg vil få mykje glede av!
