Siste dag på iReporter

Posta på Sosiale medier den desember 4, 2009 av Torill

Kurset nermar seg slutten og det er på tide å oppsummere. Det har vore travelt, med lange dagar og farting rundt på bedriftsbesøk. Lærerikt med mange inntrykk, men eg trur først utbyttet kjem når eg får fordøye alt som har blitt sagt.

Litt av målet har vore å prøve seg som iReporter. For min del har det blitt litt for lite av blogging. Skulle også ønske meg meir diskusjon i etterkant av kvart bedriftsbesøk. Eg har blitt flinkare til å bruke twitter, men å blogge synes eg er vanskeleg.

Kva skal eg blogge om? Kvifor skal eg ha ein blogg? Skal eg fortsette å ha ein blogg?

Det er vanskelig å vite kor mykje av seg sjølv ein skal gje, kva ein kan skrive og ikkje. Usikkerhet hemmar og eg brukar lengre tid enn nødvendig. Skal eg ha ein blogg, må eg gi litt meir blaffen og publisere sjølv om eg er usikker på om eg kan skrive det som står der. Eller som Darian Shirazi sa det så fint:

If you’re not embarrassed of your product, you’ve launched to late.

Stor applaus til Tord og Frank som har organisert og sett saman eit spennande kurs eg vil få mykje glede av!

Rick Green fra Desert Sun

Posta på Sosiale medier den desember 4, 2009 av Torill

I dag har vi hatt besøk av sjefredaktør Rick Green fra Desert Sun, for å forsøke å få svar på spørsmålet  “Når er sosiale medier nødvendige i journalistikken?”

Desert Sun har omlag 75 journalister, der 60 jobbar meir eller mindre med nettsida kvar dag!  Green konstaterer at tida der journalisten sit og ventar på å skrive  nyheter som skal på trykk neste dag, er forbi. Den dramatiske endringa i måten vi konsumerer nyheter på, har konsekvensar for korleis vi produserer nyheter.

Green har derfor gitt alle sine journalister nødvendig utstyr for å alltid være klar til å kunne dekke breaking news live. Samstundes oppmuntrar han alle til å bruke facebook som verktøy for å komme i kontakt med kjelder og bygge nettverk.

Rick Green, Desert Sun Palm Springs

Green er optimist, og konstaterer at sosiale medier ikkje vil utspele journalistens rolle.  Journalisten har mulighet for å påverke verden, ved å bringe fram dei rette historiene.  Du må vite korleis du kan lage ei god historie og korleis du skal intervjue.

You need smart people who knows what’s going on in your country and how things hang together.

Samstundes understrekar han kor viktig det er utnytte internettmediet til å engasjere og komme i dalog med lesarane.  Dette gjorde til at Desert Sun i 2007 endra sin url fra desert.com til mydesert.com, nettopp for å understreke at brukerne har ei stemme.

Mr. Green viser oss dei to tjenestene dei har hatt størst suksess med. Basert på spørsmålet til lesarane sine om kva det var som betydde mest for dei, kom dei opp med tjensta Pets Playoff. Ei tjeneste der brukarar kan laste opp bilete av kjæledyra sine og stemme på månedens kjæledyr.

Ungdom trekkast mest til sosiale medier, les ikkje papiraviser og  kan gi kvar og ein som jobbar i mediebransjen problem med nattesøvnen. Korleis når ein ut til desse? Rick Green stilte seg spørsmålet -How do we find young people meet? Resultatet  blei utelivsguiden Metromix, med eit ungt og hipt preg.

Felles for desse to er at dei har lokal forankring. Pets Playoff treff lesarar som har  lidenskap for kjæledyr. Kven har vel ikkje eit kjæledyr? I tillegg skapar begge enormt engasjement.

Han avsluttar med kor viktig det er å satse på det hyperlokale. Samstundes er det viktig å forstå kva lesarane har lidenskap for og skape engasjement!

None is gonna beat me when it comes to local stories.

Les meir i bloggen til Lars Lager Espevalen.

Når er sosiale medier nyttige i journalistikken?

Innovasjon + Journalistikk = framtid

Posta på Sosiale medier den desember 3, 2009 av Torill

David Norfors ved Stanford University har skapt et nytt begrep som alle i medebransjen bør lære seg Innovation Journalism. Les meir i Christina’s blogg.

Julestemning på Union Square

Posta på Reiser den desember 2, 2009 av Torill

Sidan eg fortsatt har problem med jetlag, og våknar midt på natta, tok eg i dag tidleg ein tur ut på Union Square for å ta litt bilete.  Her er det, ikkje overraskande, overdådig pynting til jul. Det skulle være lett å komme i julestemning, men det er noko som skurrar med palmar og julepynt.

Hos YouTube

Posta på Sosiale medier den desember 2, 2009 av Torill

Hos YouTube har vi i dag fått omvisning, samt demo av tjenestene  nyheter nær deg og den ferske tjenesta youtube direct.  Noko nyhetsnettstader høgst kan dra nytte ut av og bør utforske. Eksempel på bruk av direct finnast på NBC Boston News.

Sidan det ikkje var lov til å ta bilete inne i kontorlokalene, samt ikkje gjenfortelle det som blei sagt i bloggar, må eg nøye med dette.

Been there, done that.

Lunsj på Fisherman’s Wharf

Posta på Reiser den desember 2, 2009 av Torill

Lunsjen i dag blei inntatt på Bubba Gump Scrimp på Fisherman’s Wharf. Med artig innredning og servitør, samt god sjømat er dette heilt klart turens beste lunsj.  For å få servitørens oppmerksomhet snur ein på skiltet “Run Forest Run” til “Stop Forest Stop”. Snedig:)

Besøk hos Seesmic

Posta på Sosiale medier den desember 2, 2009 av Torill

Dagen i dag starta hos Seesmic. Grunnleggjar Loic Le Meur begynte med litt reklame for LeWeb09, som går av stabelen i Paris 9. og 10. desember.

Loic Le Meur

Entusiastisk Loic Le Meur om LeWen og Seesmic

Aldri før har det vort så mange påmeldte og så gode foredrag. For oss som ikkje kan delta, overførast naturlegvis dette direkte på web.

Målet til Seesmic er å bli det beste verktøyet for å håndtere sosiale medium. Derfor satsar dei tungt på mobil, som Le Meur meiner er både best og raskast til dette. Sjølv tvitrar han frå mobil, sjølv om han sit framfor PC.  Le Meur er nok ikkje den einaste som sjeldan er inne på nyhetsnettstader, men held seg oppdatert via Facebook og Twitter. Noko å tenkje på for oss som jobbar med nettavis.

Loic Le Meur hadde publikum med seg, og twitringa gjekk lystig for seg under #stupsf.

iReporter i San Francisco

Posta på Sosiale medier den desember 1, 2009 av Torill

Første dag av kurset er over. Denne første dagen har vi fått ein introduksjon av sosiale medium og korleis det påverkar journalistikken. Mykje av det vi gjennomgjekk på kurset var kjent stoff, men likevel ein tankevekkjar i forhold til kor store utfordringar journalistikken faktisk står ovanfor, både no og i framtida.

I tillegg har vi dag vore på besøk hos Wikimedia - stiftelsen bak Wikipedia.

wikimedia

Romsleg hos Wikimedias avdeling for Usability

Med dagens store jetlagproblemer passar dette sitatet godt:

“Do what you do best. Link to the rest.” -buzzmachine.com

Dagens blogglenker:

Andre nyttige ting eg har gjort i dag er å få meg konto på http://www.hulu.com, sidan eg likevel er i USA:)

http://dailyblogtips.com/

Tapt døgn

Posta på Reiser, Sosiale medier den november 28, 2009 av Torill

Eg er så heldig å få være med på studietur om sosiale medier i regi av Institutt for Journalistikk og NRK Kompetanse i San Francisco neste veke. Sjølv om eg aldri forsøv meg, hadde eg to vekkarklokker stilt inn på kl. 5 i natt, for å rekke flyet til Frankfurt kl 7.20. Og her sit eg i min eigen heim og er litt bitter. Ikkje fordi eg forsov meg, men fordi flyet blei kansellert.

På ein laurdag er det sjølvsagt umogleg å få nytt fly fra Bergen til San Francisco samme dag. Litt ekstra surt når eg ba om å få reise direkte fra Bergen i staden for om Oslo saman med dei andre, som no er i Frankfurt.  Så i morgon er det på med vekkarklokkene igjen, gjerne tre for å være sikker. Men det er aldri så ille at det ikkje er godt for noko. No kan eg:

  • Fjerne eit antrekk fra kofferten, slik at eg får plass til meir med meg heim
  • Få tilbakemelding  på parfymene eg prøvde i taxfreen
  • Få med meg lysfesten

Og så drøymer eg selvfølgeleg om at den siste billetten eg fekk på flyet i morgon er av type business…

Hei!

Posta på Uncategorized den november 28, 2009 av Torill

Velkommen til min blogg.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.